Hva med oss/Hva med meg

Sted: Holmen Fjordhotell
Egenandel: Det vil være en egenandel på alle kursene.
Datoer: Kommer snart for nye kurs i 2026
Ønsker du mer informasjon, Ta kontakt med Familievernkontoret Christiania på telefon 23 28 39 40 eller familievernkontoret.christiania@bufetat.no
Link til kursoversikt og påmelding: Kurs hos familievernet | Bufdir
HVA MED OSS:
For dokker med lite tid til parforholdet
Mange par opplever at det blir lita tid til å prioritere parforholdet. Dette kan etter kvart gjere at par opplever avstand og dårleg kommunikasjon, og det kan utvikle seg konfliktar. God omsorg for barn heng saman med foreldra si evne til å ta vare på seg sjølve som par. Eit godt parforhold er rett og slett nøkkelen til eit lettare daglegliv i familien.
For dokker som ønskjer å dele erfaringar med andre
Foreldre kan kjenne seg einsame om erfaringane med å ha barn med funksjonsnedsetting. Det er nokre gongar vanskeleg å dele opplevingane, andre menneske skjønar så lite av korleis dette livet er. Det kan handle om det som blir slitsamt. Men også om kor godt det er å oppleve hjelparar og venar som forstår. Eller gleda over dei små positive endringane hos barnet som andre kanskje ikkje ser eller skjønar.
HVA MED MEG:
Kurset passer for enslige foreldre som har omsorg for barn med funksjonsnedsetting. Kurset er åpent både for foreldre med hovedomsorg og delt omsorg.
Står du åleine med ansvar for barn med funksjonsnedsetting, kan du oppleve mange av dei same utfordringane som par gjer. Dette gjeld anten du er hovudomsorgspersonen eller har ein mindre del av den daglege omsorgen.
På fleire område kan ein kjenne seg meir belasta og sliten, nettopp fordi ein er åleine om ansvaret. Dette kan gjelde både praktiske gjeremål, atterleten og alle dei samansatte og kompliserte kjenslene som kan svinge frå sorg til glede.
